Vi er klar for å ta kampen, men no treng vi di støtte!

For å ha nok innflytelse til å vinne dei framtidige kampane, så treng vi fleire medlem/støttemedlem

original_1478643360_9994807

Som største kommune i fylket, bør Førde ha større innflytelse. Dette kan du vere med å påverke!

Å melde deg inn i Førdes største parti er enkelt! Medlemskapet er anonymt, og du bestemmer sjølv om du vil vere støttemedlem, eller eit aktivt medlem.

Det er utruleg viktig for Førde at dei forskjellige partia har ein høg medlemsmasse. Sjå berre på påverknaden til Høyanger, Årdal, Luster eller Florø har på fylkespartiet sin politikk. Dette skuldast deira høge medlemstal.

Ved å bli medlem i Førde Arbeidarparti, gjev du partiet større påverknad i fylkespolitikken, i saker som til dømes skulebruksplanen, helse, næringsutvikling, vegutbygging eller kven som skal vere fylkesleiar, fylkesordførarkandidat, stortingskandidat m.m. 

Fleire medlemar = fleire mandat i fylkesårsmøtet til partiet.

Du blir medlem ved å melde deg inn på www.arbeiderpartiet.no/blimed . Her kan du velje å anten få faktura å tenke over medlemsskapet, eller betale med visa/mastercard med eingong!

Du har og moglegheita til å bruke sms; send "nymedlem AP" til 1980.

Bli med å gjer politikken betre i Førde, eller bli medlem og la oss gjere jobben for deg :)Med solidarisk helsingThor Erlend MehammerPartileiar