Vekstkrafta i Sogn og Fjordane ligg i eit samla Sunnfjord

original

Ein stor kommune i Sunnfjord

Førde Arbeidarparti ønskjer at det i Sunnfjord skal bli:

  • Vekst i folketal og arbeidspassar!
  • Motkraft til sentralisering til Oslo og Bergen!
  • Betre tenester både til brukarane og for dei tilsette!
  • Styrke demokratiet!

Førde Arbeidarparti meiner at det må skje ved at kommunane slår seg saman friviljug ut frå:

  • Endringar i næringsstruktur, liten vekst i folketal og stor innvandring krev omstilling og satsing. Nedgang i olje- og gassnæringa og omlegging til Grønt skifte krev betre planlegging, sterkare styring og meir tyngde og makt i  uttale frå regionen til sentrale styresmakter. Vekstkrafta i Sogn og Fjordane ligg i eit samla Sunnfjord!
  • Økonomisk vil det sikkert i framtida bli sterkare samanheng mellom folketal, folketalsvekst og overføringar. Og i dag er det slik at ein stor skattesterk kommune har meir å armslag og styrke enn ein liten (unntak er  kraftkommunane). Førde er sterk på handel, samferdsel, finans, næringsmiddelindustri, spesialisthelseteneste og kulturtilbod, men likevel liten i nasjonal og regional samanheng. Det er den kommunen som har vekstkrafta i Indre Sunnfjord. Om kommunane i Sunnfjord slår seg saman og skaper ein kommuneeining, blir det ikkje eit større Førde-sentrum, men ei ny eining med større økonomisk og samfunnsmessig styrke og makt! Den vil både kunne ta på seg nye oppgåver og å utføre fleire tenester og oppdrag. Dette vil kome dei andre sentra og grendene til gode.
  • Nærleik til kommunepolitikarane og administrasjonen er ein fordel i små kommunar. Men problem med habilitet i enkelte saker kan skape vanskar. Og små administrasjonar er sårbare for manglande kompetanse, utfordringar ved sjukdom og sjukmeldingar. Løysinga med interkommunale selskap og samarbeidsavtalar kan avhjelpe, men styringa blir indirekte og mindre demokratisk. Den store gruppa pendlarar i Indre Sunnfjord har ikkje særleg styring med Førde sine planar og vedtak, sjølv om det i stor mon vil gjelde dei.
  • Helse Førde og kommunereforma har det sams at området treng vekst for å utvikle seg. Nyvinningar innan teknologi, sterkare liberalisering og privatisering set press på organiseringa av spesialisthelsetenestene. Sentralisering trugar, særleg om kommunar i Nordfjord vender seg nordover og kommunar i Sogn trekker mot Sør. Lat oss gå for den løysinga som gir mest styrke til å møte framtida: Ein stor kommune i Sunnfjord!

Ivar Svensøy, gruppeleiar Førde Arbeidarparti

Thor Erlend Mehammer, partileiar Førde Arbeidarparti