Medkjensle for andre skal vege tyngre enn system og økonomi

Les appellen til partileiaren som vart heldt under solidaritetsmarkeringa til Norsk Folkehjelp onsdag 9. september

original_1478640009_2805169

Dette er appellen partileiar Thor Erlend Mehammer heldt på solidaritetsmarkeringa til Norsk Folkehjelp onsdag 9. september 2015. 

Eg heiter Thor Erlend Mehammer, og er leiar av Førde Arbeidarparti

I dag sit det mange rundt i Noregs land, og drøfter økonomi når det kjem til flyktningkrisa, i staden for å diskutere dei einskilde menneskjeliva.

Vi høyrer og ein del kommentarar som:

  • Vi har ikkje nok plass
  • Vi har ikkje nok pengar
  • Vi klarar ikkje å integrere
  • Det sit for mange på asylmottakene allereie
Min klare oppfatning er:

  • Vi har nok plass; vi er eit stort land, med få innbyggjarar.
  • Vi har nok pengar, vi er jo faktisk verdas rikaste land, det vi derimot manglar er prioriteringar. Eit tydeleg eksempel på det, er valkampen til Frp, der finansministeren sjølv går ut og oppmodar kommunar til å ikkje ta i mot flyktningar.
  • Vi er 4.verdas beste land på integrering, vi er ikkje evneveike, vi er svært kapable, og dette er ein krise vi skal fint klare å handtere, så lenge det er vilje!
  • Gjennomsnitts ventetida for asylsøkarar på asylmottak er ca. 7 mnd. Så kjem dei ut i kommunane. Dette er ikkje bra, men det er heller ikkje dårleg. Poenget er, det er ikkje for mange på asylmottaka, problemet er at ventetida er for lang.

Så langt i år, har heile 232 kommunar sagt ja til å busette like mange flyktningar som Integrerings og mangfoldsdirektoratet oppmoda dei om. I 2013 var det kun 77 kommunar, medan i 2014 var det 141. Så dette er kjempe bra, vi er på rett vei.

Vi må lære av andre, det er vår tydlege oppmoding; vi må lære av andre:

Flora kommune vert ofte trekt fram som eit godt eksempel, som har lukkast på mange områder med integrering. Dei klarer faktisk å tene pengar på å ta i mot flyktningar. Dei får dei integrert, og inn i samfunnet.

Vi treng ikkje å skape krutet på nytt igjen, å lære frå andre vil gjere alle kommunar i stand til å ta sin del av ansvaret. Det vert for enkelt å skulde på at ein ikkje har økonomi, bustad, eller at staten ikkje legg til rette. Jo fleire kommunar som legg inn positive vedtak, jo større sjanse er det for å tvinge regjeringa og Frp i kneståande, og tydeleggjere at kommune Norge ønskje å hjelpe, sjølv om regjeringa ønskje å sette kjeppar i hjula.

I desse dagar er Dublinavtalen eit hett tema.

Dublin-avtalen er et samarbeid mellom EU-landa, Island, Sveits, Liechtenstein og Norge. Kvar asylsøker får søknaden sin behandla i kun eitt av Dublin-landa.

Hovudregelen er at søknaden skal behandlast av det første Dublin-landet asylsøkaren kjem til.

System skal ikkje gå framfor sunn fornuft. Og eg ser ikkje noko fornuftig i å sende uskyldige menneskjer fram og tilbake mellom landa. Dette er menneskjer som har opplevd å bli fordriven frå sin heim, som har opplevd grusome og jævlige ting. Og vi må ikkje dysse det ned, det er faktisk jævlig. Ein må tørre å bruke sterke ord for å beskrive sterke hendingar.

Så tenk på kvart enkelt menneskje, og ikkje la økonomi, og system vege tyngre enn medkjensle for andre!