Kultursenteret i Førde - frå ung til gamal

Våre løysingar og idear for å bygge vidare på kultursenteret Førde

original_1478640000_265763

Kultursenteret Førde

Førde Arbeidarparti har som mål å styrke den kulturelle utbygginga i Førde. For oss er det viktig at den enkelte kan kjenne seg heime, får utvikle og bruke sine evner, dyrke sine interesser, sin religion og vere seg sjølv i eit fellesskap. Førde skal halde fram med å vere ”kultursenteret” i Sogn og Fjordane og markere seg både på Vestlandet og nasjonalt. Og vi satsar på ei vidare utbygging av kulturaktivitetar slik at det også fører til kulturbaserte arbeidsplassar.

Vi har mykje å vise til i Førde: Førdefestivalen, Førdehuset, Sogn og Fjordane teater, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Hafstadparken, og ein veksande kulturskule. Vi har høgskule, vidaregåande skular, både Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter, Firda og NRK, så her er eit skikkeleg ”grunnfjell” som både kan stå aleine og vere noko å byggje på.

Vår første prioritet er utbygging av kulturskulen og Førdehuset. Førdehuset har ei særstilling som døme på ”det utvida kulturomgrepet”, der også idrett er med. Kulturskulen med dans, musikk, song, teater og visuell kunst har no prioritet framom idretten, og skulen skal bli staden der born og ungdom både får eit breitt tilbod for alle, og den enkelte kan spesialisere seg, gjerne mot ei vidare karriere.

Med ei utbygging og fornying av Førdehuset kan vi skape kultursenteret i Sunnfjord og i fylket. Vi har alt ein stab av gode profesjonelle kulturskulelærarar og instruktørar. Med institusjonane på huset vil det vere ein fantastisk stad for skapande menneske. Ikkje minst vil Førde bibliotek kunne gi god støtte. Difor ønskjer vi å uvikle biblioteket til eit litteraturhus.

Førdehuset har heile tida hatt atelier og arbeidsrom for kunstnarar og handverkarar. I si tid var her og ein kunstskule. Det er eit mål at Førdehuset skal halde fram med vere eit kunstsenter, ein stad for personar som vil satse på kunstnerisk verksemd, gjerne i samarbeid med andre institusjonar som til dømes Sogn og Fjordane kunstmuseum. Vi og må finne ei god løysing for eit Torsheim-galleri ein stad i Førde, kanskje ikkje i Førdehuset.

Den gode kulturskulen og den store musikkinteressa hos ungdom har skapt ein trong for scener og møteplassar. Skrivarløa er bra, men det må og opprettast ein stad, ein ”innstad”, der unge kunstnarar gratis får vise seg for eit publikum, både unge og vaksne. Vi vil gjerne støtte eit slikt prosjekt!

Nynorskbyen Førde er viktig å bygge ut. At dette gir oss identitet og profilerer byen og folket på ein unik måte, er heil tydeleg. Men det er og ei svært stor og historisk oppgåve å verne om og utvikle minoritetsskrivespråket nynorsk. Ikkje berre er det ei oppgåve for skulane og mediesentera, men for heile samfunnet Førde. Vi støttar denne identitetsbygginga fullt ut både i vårt politiske virke og i andre samanhengar.

Ivar Svensøy, 4.kandidat Førde Arbeidarparti