"Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg sjølv"

Les appellen som Reidar Fugle Nordhaug(Leiar av Førde AUF, og ungdomskandidaten til bystyret) heldt under solidaritetsmarkeringa til Norsk Folkehjelp 9.september

original_1478640005_4794803

Vi har alle sett det. Arrogante rasistiske kommentarar på nettet angåande kva vi skal gjere med flyktningane. «Send dei tilbake over havet», «Kast muslimpakket på dør eller bruk dem som grisefor» Og mange, mange fleire. På nettaviser, sosiale medier og tagga i gata ser vi rasismen hos mange av våre landsmenn.

Og eg merkar at sjølv om eg veit at den gjennomsnittlege nordmann ikkje har meiningar som dette, byrjar eg verkeleg å tvile på om vi som ein nasjon verkeleg er så mykje betre enn desse rasistane på nettet, då eg ser den aktløysa og reine mangelen på vilje til å hjelpe som mange norske politikarar fram til no har vist.

Men då ein no ser på forskjellige medier, då ein no ser på kva menneskjer gjer for desse flyktningane, som fluktar frå alt vondt her i verda, så veit eg at eg tar feil. Vi ser at det norske og Europeiske folk no samlast, samlast for å vise at vi bryr oss, samlast for å vise at vi ynskjer å hjelpe dei flyktningane som så desperat prøver å komme seg over Middelhavet, vekk frå helvete på jord, samlast for å vise at vi krev handling no. Her i Noreg har ekstreme og nasjonalistiske grupper som «Stopp islamiseringen av Norge», «Norge er vårt» og liknande sider nokre hundre medlem. samstundes refugees welcome to Norway har i løpet av ei veke fått 80 tusen medlem. Lat oss saman ta imot flyktningane som treng hjelpa vår, la oss hjelpe dei, og la oss gje dei sjansen til eit nytt liv. Mange seier at vi ikkje kan ta i mot så mange flyktningar, men berre sjå på kor mange som engasjerer seg for å hjelpe! Til og med her i vesle Førde. For meg er dette i seg sjølv bevis på at dette ikkje handlar om vi kan, men om vi vil.

Eg vil gjerne ende appellen min med det omvendte av kva finansministeren Siv Jensen har gjort, altså å oppmode alle norske kommunar å ta imot fleire flyktningar. Og eg vil berre seie at uansett om det er du Grotle, eller vår Midtbø som blir ordførar Kjem vi i Førde AUF til å kreve at vi i Førde skal auke kapasiteten til å ta i mot og integrere flyktningar, for så å ta i mot fleire flyktningar. så flyktningane kan så fort som mogleg få sjansen til eit nytt liv, og eit utdrag frå «du må ikkje sove». Vis medmennekjelegheit, vis kjærleik og vis kva vi saman kan gjere for å hjelpe dei som treng det. Ta i mot dei Syriske flyktningane med opne armar, og vis dei at det fortsatt finst gode menneskjer igjen i verda.

«Du må ikke gå til ditt kjøpmannsskap, og tenke på hva der gir vinning og tap, du må ikke sitte trygt i ditt hjem, og si det er sørgelig, stakkars dem, du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg sjølv, jeg roper med siste pust av min stemme, du har ikke lov til å gå der og glemme»