"Den som blir sint har tapt" - Kjell Opseth

Kjell Opseth fyller 80 år 2. januar 2016

original

Kjell er den mest kjende politikaren Førde og Sogn og Fjordane har fostra. ” Han skulle bli ein av dei mest markante og handlekraftige statsrådane i Samferdselsdepartementet etter krigen”.( Norsk biografisk leksikon).

Kjell vart fødd på ein tidlegare husmannsplass, ”oppå berge”, ein heim med både far og bestefar som solide sosialdemokratar. Han utdanna seg til ingeniør og blei gift med Hjørdis( fødd Årberg).

Etter nokre år i Oslo vende han heim til Førde. Der byrja det politiske engasjementet, først som leiar av Førde Arbeidarparti og innvald i Førde kommunestyre og formannskap. Så leiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1978 – 82. Då sat han og i landsstyret.

I 1981 vart han innvald på Stortinget og sat der fram til 2001. Stor del av tida var han i energi – og industrikomiteen. Som den sterke og hardtarbeidande ”kraftsosialisten” blei han henta til kongens bord av Gro Harlem Bruntland i 1990 og var samferdelsministar i hennar regjering fram til 1996. Her var han sentral i å få stamvegen mellom Austlandet og Vestlandet over Filefjell, etter lang strid.

Endeleg avgjerd makta han og få til for plassering av hovudflyplassen på Gardermoen. At røyster i Høgre ville få han for riksrett for det arbeidet, var vel helst eit teikn på kor sterk han syntest vere.

Enno ei bragd som han får mykje av æra for, er den lange Lærdalstunnelen. Mange vil og gi han æra for den noverande traseen for E39, den som mange på kysten gir han skulda for.

I 1996 gav Torbjørn Jagland han oppdraget som kommunal – og arbeidsminister. Han fekk starte fleire reformer, men Jaglands regjeringstid blei kort, berre eitt år.

Om Kjell kan ein seie at han har vore sterk og arbeidsam, god til å lese Stortinget og byggje alliansar for å skaffe fleirtal. “Mange ser han som ein ”bulldosar”, men vi veit at han eigentleg er blauthjarta”, seier dei som kjenner han. Han blir og sitert på: “Den som blir sint, har tapt!” Det er fakta som skal vinne i debattar, ikkje kjensler. Han er og har vore ein realpolitikar.

Førde Arbeidarparti helsar og heidrar Kjell Opseth på hans 80-års dag . Vi er stolte over det han har nådd i teneste for Arbeidarpartiet og fylket og landet!