Årsmøte i Førde Arbeidarparti 7. februar

Arrangement

7. feb, kl. 18:00 – 21:00, Langebruvegen 28

.

Kjære medlem

Førde Arbeidarparti har bestemt seg for å arrangere årsmøte 7. februar 2017 kl. 18. Vi held til i kantina på Røde Kors-bygget.

Nils P. Støyva, distriktssekretær hjå LO i Sogn og Fjordane, er årsmøtegjest. 

Det blir vanlege årsmøtesaker. Det kan nemnast at det vil bli diskusjon om 100-års jubileumet til Førde Ap, som skal feirast i år. Det vil også bli vedtak rundt organisasjonsstrukturen til partiet etter samanslåing med Naustdal Ap, Gaular Ap og Jølster Ap. Sjølve samanslåinga vert først vedtatt i 2018.

Frist for innsending av saker til årsmøte blir 31. januar. Styret har møte 1. februar.

Valnemnda jobbar i desse dagar med å finne kandidatar, meld gjerne inn forslag om ein har til Ivar Svensøy på [email protected].

Ta gjerne med deg ein ven eller to til årsmøte, om det er nokon som er interessert.

Vel møtt!